Hjem > Artikkel

Robert Øfsti:

Naziplanar eller nasjonal nybarokk?

Sverre Pedersen let seg slett ikkje tvinge til å ”nazifisere” planane sine vinteren 1940/41, men nytta i staden høvet til å forbetre dei, med parkdrag og plassdannelsar.

Naziplanar eller nasjonal nybarokk?
”Det er trist at saa mange af Norges byer er ødelagte under krigen – men de kan da bygges op igjen. Betydelig verre er det om den, historisk set kortvarige, tyske okkupation, for tid og evighed skal efterlade sig den slags mindesmærker om nazistisk overmod og geskæftighed”. 
Edvard Heiberg er ikkje nådig i sin dom over BSR sine byplanar i Byggekunst nr. 1 1945. (Men det er verd å merke seg at han skreiv artikkelen i 1944, medan krigen framleis raste.) 
I desse dagar er det 70 år sia Steinkjer låg som ein rykande ruinhaug. Over 80% av byen var brent , Steinkjer er den av gjenreisingsbyane som prosentvis vart mest øydelagd. Og i dag kan hende den best bevarte. Berre to bygningar er revneog erstatta med nye, mange andre rett nok mykje om- og påbygde. Når Steinkjer av i dag likevel ikkje gir inntrykk av å vere ein den nazibyen som Heiberg såg for seg, kan det skuldast to ting. Ein – at Heiberg vurderte feil, to ­-   BSR sin plan frå 1942 gjennomgikk fundamentale endringar etter 1945 . Eller ein kombinasjon. 
Endringar i planen 1940/41
For å finne ut kva slags innverknad nazi-regiment med Oberbaurat Stephan og Albert Speer hadde på BSR-planane, må vi konkret sjå på forskjellane mellom dei dei første planane frå august 1940 og dei planane professor Sverre Pedersen hadde med seg til Berlin i november 1940, og som vart godkjende der. 40-planen for Steinkjer syner eit forretningssentrum dominert av tett karrébebyggelse - i all hovudsak bygd på det eksisterande gatenettet. Langs Steinkjerelva (som var viktig for SP) følgjer planen ovafor brua på det gamle mønsteret.   Nedanfor brua er den gamle trehusbebyggelsa (frå før bybrannen i 1900) erstatta med tverrgåande lamellblokker. Nordsia (som heller ikkje brente i 1900) er meir prega av lamellbebyggelse, og eit stort, nytt torg er lagt i enden av hovudgata.
Så kjem dei tyske styresmaktene sitt pålegg om endringar:  ”.. der var tatt litt for meget hensyn til lokale forhold og private grunneierforhold. Han(Stephan) ønsket også litt større dimensjoner på enkelte gater og en mer bevisst utformning av plassanleggene” , skriv SP.  Korleis utnytter han dette høvet? Han gjer tre ting: Han lagar eit grøntdrag langs elva, fjernar husrekka langs elvebreidden (til rasande protest frå gårdeigarane ” i byens mest verdifulle forretningsstrøk”), og får såleis eit samanhengande parkdrag langs elva - over Torget (som er lite markert) - rundt og forbi kjerka og ned mot fjorden. Han lagar ein omkøyringsveg for å leie trafikken rundt sentrum. (Lokalbefolkninga protesterer mot slik sløsing med tomtegrunn – avlastingsvegen kom 60 år seinare). Og han tegner inn fleire torg. I sør på Sannan eit enormt kulturtorg, som kan verke både pompøst og overdimensjonert. Men det var med allereie på den planen SP tegna for Steinkjer i 1925. Midt i Kongens gata kjem eit sentrumstorg omgitt av offentlege bygningar, torget på Nordsia blr mykje mindre. Det verkar som om SP har nytta høvet først og fremst til å gjennomføre eigne idear meir konsekvent, når han slapp å ta omsyn til ”lokale forhold” . ”Det er jo elva som bør være den dominerende faktor i Steinkjers bybilde … Denne løsning har, som rimelig er, falt grunneierne i dette strøk vanskelig å forsone seg med, idet de mistet sine gamle tomter langs elveskrenten, men sett under den synsvinkel at man no har anledning til å gjennomføre en penere regulering her, en løsning som i tildelle det dreirer seg om ubebygget terreng, var den naturlige”, skriv SP.  SP sine idear samsvarar elles godt med det t.d Byggekunstredaktør Eivind Alnæs og arkitekt Olav Hallset gir uttrykk for omkring gjenreisingsproblematikken i artiklar i Byggekunst nr 5. 1940.
Etter frigjeringa i 1945
I 1945 er arkitekt Jens Per Jensen ledar for BSR-kontoret i Steinkjer. Ved frigjeringa markerar han tydeleg avstand til visse sider ved den SP- planen han til da lojalt har arbeidd med:  ”Utformingen av de sentrale partier synes stiv og flere steder bestemt av symmetrikrav alene. …En eller annen privat grunneier dikteres til å bygge sitt hus over en sirkulær grunnplan”.   Jensen har og faglege innvendingar mot sentrumsplassen med dei offentlege bygningane: ”Formen er sterkt bundet av de omgivende gatelinjer. Byggene er avskåret fra enhver kontakt med parkmessige omgivelser”.  JPJ foreslår difor å fjerne både dette torget (”som omfatter meget verdifulle og lett omsettelige tomter”)   og torget på Nordsia. Vidare: ” …de fleste offentlige bygg samles i kvartalene nærmest elven, og kvartalene utformes som parker hvor de enkelte bygg fritt grupperes, uavhengig av annen bebyggelse.”
Og slik blir det. Sentrumstorget, som kunne vore eit pusterom i ei lett  monoton Kongens gate blir borte. Sverre Olsens praktfulle Samfunnshus (1951) blir bygd i parkmessige omgivelsar  på Torget, men stenger for utsynet mot elva. Byplanmessige forbetringar? 
Meir forsking må til 
Både Ingvar Mikkkelsen og Peter Butenschøn etterlyser breiare dokumentasjon og grundigare studier. Det er det lett å slutte seg til – det framtidige senteret for gjenreisingsbyane som er under planlegging i Steinkjer vil ha det som ei hovudoppgåve. Men ein førebels konklusjon med utgangspunkt i Steinkjer, må vere at SP slett ikkje let seg tvinge til å ”nazifisere” planane sine , men i staden nytta høvet til å forbetre dei , med parkdrag og plassdannelsar. Revisjonen i 1946 var først og fremst ein ettergjevnad for sterke lokale kapitalinteresser som ville utnytte verdfull tomtegrunn. I same retning verka det den lokale BSR-arkitekten sitt ønske om å gjere dei offentlege byggeoppgåvene meir interessante for sine kolleger.  Så diskusjonen om arkitektane sin etikk og moral snik seg inn – her også.
Robert Øfsti
Prosjektledar
Senter for Gjenreisinigsarkitektur