Senteret sine oppgåver
AUKA KUNNSKAP OM GJENREISINGSBYANE
Senteret skal gje auka kunnskap om gjenreisingsbyane. Det er forska lite på området,og ingen har før no tatt ansvar for formidlinga. Senteret skal registrere, dokumentere og initiere forsking, som kan publiserast og vere nyttig for samtlege gjenreisingsbyar
Senter for Gjenreisingsarkitektur starta 1.4 2008, med tilskott frå Steinkjer kommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Det er organisert som eit tre-årig prosjekt, med prosjektleiar i 50% stilling. Prosjektet har ei politisk oppnemnd styringsgruppe og ei fagleg prosjektgruppe. Steinkjer kommune har arbeidsgjevaransvar. Målet er permanent drift frå 2011.
Gjenreisingsbyane er ein kulturarv det er eit lokalt, regionalt og nasjonalt ansvar å ta vare på, den fysiske manifestasjonen av ein viktig periode i norsk historie.
Perioden 1940-60 er dramatisk, med krig og okkupasjon, gjenreising og bygginga av velferdsstaten. Byane er gode døme på godt planlagde byar (som dels er dårlig behandla seinare). Røtene finn vi på 1920-tallet da prof. Sverre Pedersen laga planer for m.a. Steinkjer, Åndalsnes, Molde, Namsos og Kristiansund – alle desse byane vart bomba i 1940.
Senteret skal gje auka kunnskap om gjenreisingsbyane. Det er forska lite på området, og ingen har tatt ansvar for formidlinga. Senteret skal registrere og dokumentere stoff om gnereisingsbyane. Vi skal og initiere forsking, og publisere stoff som kan vere nyttig for samtlege gjenreisingsbyar. Forsking og formidling må skje på fleire plan og med ulike målgrupper: Forsking og formidling må gjøre folket i byane stolte over og glade i sine egne byar; det beste vern byane kan få. Forsking for å skaffe fram ny kunnskap om byane gir betre bevaring og forvalting. Forskinga må vere tverrfaglig: sosiologi, økonomi, etnologi, kunsthistorie, byggekunst mm.