Hjem > Artikkel

Lynumhuset i Steinkjer må ikkje rivast

Lokallaget av Fortidsminneforeninga, Sparbyggja fortidsminnelag, har sterke innvendingar mot rivingsplanane

Steinkjerbygg AS, som er eit kommunalt boligselskap, vil rive Furuskogvegen 3 og bygge ein firemannsbolig på tomta. Huset vart bygd i 1941/42 for sokneperst Ola Lynum og er tegna av Jon Tverdahl, kjend frå mange kjerkerestaureringar i Trøndelag og frå arbeidet sitt med restaureringa av Nidarosdomen. "Lynumhuset", som det gjerne blir kalla, er eitt av dei eldste eksempla på ein av gjenreisingstidas boligtypar - den frittliggande eineboligen på nyregulert område i utkanten av byen. Huset er også eit tidleg og vel bevart døme på den "nasjonale vendinga" i norsk arkitektur som inntrådte omkring 1940, der "funkis"-ens flate tak og fritt utforma fasadar, gjerne med hjørnevindu, var avløyst av saltak og ståande tømmerannskleding og meir symmetriske fasadar. Heile fråsegna frå Sparbyggja fortidsminnelag kan du lese her.