Hjem > Om senteret > Artikkel

Senteret sine oppgåver

AUKA KUNNSKAP OM GJENREISINGSBYANE

Senteret skal gje auka kunnskap om gjenreisingsbyane. Det er forska lite på området,og ingen har før no tatt ansvar for formidlinga. Senteret skal registrere, dokumentere og initiere forsking, som kan publiserast og vere nyttig for samtlege gjenreisingsbyar

Senter for Gjenreisingsarkitektur starta 1.4 2008, med tilskott frå Steinkjer kommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Det var organisert som eit tre-årig prosjekt, med prosjektleiar i 50% stilling. Prosjektperioden vart utvida med eitt år.   Prosjektet hadde i prosjektperioden ei politisk oppnemnd styringsgruppe og ei fagleg prosjektgruppe. Steinkjer kommune har arbeidsgjevaransvar. Frå 1.1 2012 er senteret bemanna med ei khalv stilling, finansiert av Steinkjer kommune - førebels i eitt år.

Gjenreisingsbyane er ein kulturarv det er eit lokalt, regionalt og nasjonalt ansvar å ta vare på, den fysiske manifestasjonen av ein viktig periode i norsk historie.

Perioden 1940-60 er dramatisk, med krig og okkupasjon, gjenreising og bygginga av velferdsstaten. Byane er gode døme på godt planlagde byar (som dels er dårlig behandla seinare). Røtene finn vi på 1920-tallet da prof. Sverre Pedersen laga planer for m.a. Steinkjer, Åndalsnes, Molde, Namsos og Kristiansund – alle desse byane vart bomba i 1940.

Senteret skal gje auka kunnskap om gjenreisingsbyane. Det er forska lite på området, og ingen har tatt ansvar for formidlinga. Senteret skal registrere og dokumentere stoff om gnereisingsbyane. Vi skal og initiere forsking, og publisere stoff som kan vere nyttig for samtlege gjenreisingsbyar. Forsking og formidling må skje på fleire plan og med ulike målgrupper: Forsking og formidling må gjøre folket i byane stolte over og glade i sine egne byar; det beste vern byane kan få. Forsking for å skaffe fram ny kunnskap om byane gir betre bevaring og forvalting. Forskinga må vere tverrfaglig: sosiologi, økonomi, etnologi, kunsthistorie, byggekunst mm.